Tre av våre fremste solistar på hardingfele tolkar slåttar etter den legendariske spelemannen Halldor Meland (1884-1972). Opptaka er eit resultat av musikalske og menneskelege møte på fleire plan – Frank Rolland og Åse Teigland hadde begge Knut Hamre som læremeister i unge år; Knut Hamre lærde i sin tur av eldre spelemenn som hadde Meland som sin viktigaste lærar; og alle tre har her late seg inspirere av det dynamiske, grensesprengjande og kompromisslause hjå den gamle meisteren. Som samspelgruppe hentar medlemmene i trio HARDANGER ein energi frå kvarande som tilfører spelet ny spenning. Like fullt er det som solistar dei framstår her, fyrst og fremst, og det skjer med ein spontanitet, ei kraft og eit indre liv som lever vidare i lyttaren.
Det er ikkje noka lita utfordring å gi seg i kast med musikken etter Halldor Meland; slåttane hans — anten det er komposisjonar frå hans hand eller eldre slåttar som han har sett sitt preg på — er teknisk krevjande, og stiller ikkje minst krav til utøvarens tolkande evne. Knut Hamre, Åse Teigland og Frank Rolland har gått til denne oppgåva med age for det gamle, men òg med kraft til det nye. Anten no slåttane på denne cd-en er lærde direkte etter opptak med Halldor Meland eller via mellomliggjande kjelder, så er dei prega av nærvær, høg framdrift og sterk energi. Vi høyrer dessutan dei tre solistane framføre slåttar dei sjeldan har spela i andre samanhengar.
|
Albumtittel
|
I Halldors ånd |
|---|---|
|
Utøver
|
Trio Hardanger |
| Produsent | Morten Lindberg, lydtekniker og musikkprodusent |
|
Katalognummer
|
2L-012-CD |
|
EAN13
|
7041888503620 |
|
ISRC-kode
|
NOMPP0301001-021 |
|
Disk 1
|
CD (Stereo RedBook PCM) |
| Disk 2 | |
|
Utgivelsesdato
|
Februar 2003 |
|
Innspillingsdato
|
September 2002 |
|
Sted
|
Ullensvang kirke, Norge |
|
Opprinnelig kilde
|
44.1kHz/16bit |


