Tør du la deg berøre?
Tør du ta sjansen på at tiden kan stoppe opp?
Våger du å lytte innover i deg selv og oppdage noe vakkert
— noe du lengter etter men ikke visste at du trengte?
Berit, Nils og Bjørn finn kvarandre i mangfaldet frå klassisk, folkemusikk, jazz, sigøynarmusikk, pop, samtidsmusikk, tidleg renessanse og barokke stiltrekk, der improvisasjonen står i fokus. Saman finn dei ein sams retning og musikalsk kjerne. Dei har spela saman sidan 1998 og alle tre lagar musikk som er presentert på denne innspelinga.
Berit Opheim finn seg godt til rette på de fleste musikalske arenaer; Ho har vunne Landskappleiken, syng tidlegmusikk med Rolf Lislevand, og er solist i samtidsverk skrive til ho. Sidan 1996 har ho samarbeida med Bjørn Kjellemyr, ho deltar på Økland sine to første CDar, samt på ei rekke andre innspelingar. Å plassere Nils Økland i bås, er nesten umogeleg. Han gir fele, hardingfele og viola d’amore sitt helt personlege uttrykk, og beherskar mange musikalske språk og dialektar. Det som skil ham frå dei fleste andre folkemusikkforankra utøvarar er hans evne til improvisasjon og fornying. Bjørn Kjellemyr samarbeidar med fleire av verdas leiande jazzmusikarar og har med sitt eminente spel delteke på utallege plateinnspelingar i eit bredt spekter av stilartar. I dei seinare åra har Kjellemyr fatta interesse for tidlegmusikken, der han nyttar det i våre dagar ikkje så kjente instrumentet colascione, ein basslutt.
Albumtittel
|
Ein song frå dei utsungne stunder |
---|---|
Utøver
|
Berit Opheim, vokal |
Produsent | Jørn Simenstad, Morten Lindberg |
Katalognummer
|
2L-024-CD |
EAN13
|
7041888504825 |
ISRC-kode
|
NOMPP0503010-150 |
Disk 1
|
CD (Stereo RedBook PCM) |
Disk 2 | |
Utgivelsesdato
|
Februar 2005 |
Innspillingsdato
|
Mars 2004 |
Sted
|
Ullensvang kirke, Norge |
Opprinnelig kilde
|
44.1kHz/16bit |